Dag Jørund Lønning
Forfatter
Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for grøn utvikling. Dei siste ti åra har han dukka ned i det største økosystemet på planeten, den levande molda, og vist korleis aktivt samarbeid med det enorme livet der kan gje oss ei skapande og positiv rolle i naturen. I den same perioden har han opna det fantastiske molduniverset for eit norsk publikum gjennom fleire populære bokutgivingar.
I eigen hage og på eige småbruk prøver han ut både moldproduksjon og heilt nye måtar å dyrka plantar på, måtar som lagrar karbon og aukar naturmangfaldet.