Kvinner som går

Kvinner som går er ein roman om vennskapets sterke og kompliserte plass i kvinners liv.

Tre venninner går frå sørkysten av England til nordenden av Skottland, med årlege etappar over tjue år.
Vi følgjer dei gjennom kriser i kjærleiksrelasjonar, med barna og med kvarandre. Ei har eit barn som blir psykisk sjukt, ei forelskar seg i ein ny mann, ei har ein utru mann.

Medan dei går tenker og snakkar dei, og kjem til innsikter som påverkar livet. Har ein det eigentleg bra? Kor fri er ein? Bør ein gå frå partnaren? Lever ein eit autentisk liv?

Hilde K. Kvalvaag har skrive ei roman om korleis kvinner forheld seg til venninner, barn og menn, om lengsler og fridomstrong – og om gleda i det å gå. Dei er kvinner som går, men aldri frå kvarandre.

Les hele beskrivelsen

Boka lanseres 27.05.2026

449kr

På restordreVenter på lager