Utdrag: Over land og hav
«Språkgleda og forfatterens erkjennelser måned for måned berører… ei rikholdig bok som vekker til undring og til å se verdien av alle arter.»
Romsdals budstikke, terningkast 5
Brit Bildøen har vunnet mange leseres hjerter med de prisbelønte romanene Sju dagar i august og Tre vegar til havet, og ble i høst tildelt Amalie Skram-prisen for sitt forfatterskap. Å tre inn i Bildøens litterære univers er som å være sammen med en god venn, hvis begeistring og undring umiddelbart smitter over på leseren.
Over land og hav er en kjærlighetserklæring til fuglene rundt oss og naturopplevelsene som venter når vi først får øynene opp for dem. Det er en personlig og litterær sakprosabok, fortalt gjennom forfatterens oppdagelsesreise for å lære om, og forstå, fuglene og fugletrekkene. Vi følger trekkfuglene gjennom ett år, og blir med på en ferd fra forblåste fuglefjell og langstrakte myrlandskap her hjemme, til slettene i Andalucia og kystlandskapet utenfor Tanger. Her kan du lese om franskmenn sin morbide lidenskap for sangfuglen hortulan, om vipa som snart er borte fra Lista og om gråmåsen som hvert år hekker på stabburstaket ved forfatterens sommerhus på Veiholmen.
Les utdrag fra boka
Eg hadde sett fram til ein ny fugletur til Spania, den avsluttande ekskursjonen med kurset i fuglekjennskap. Vi skulle vere der på om lag same tid og stad som da eg reiste med Norsk Ornitologisk Forening året før. Eg hadde store forventingar om å få oppleve rovfugltrekket over Gibraltar denne gongen. Men alt i februar begynte eg å ane at denne turen hang i ein tynn tråd. Koronaviruset var ikkje lenger noko som berre herja rundt i Kina, og ekskursjonen blei avlyst alt før den norske regjeringa bestemte seg for å stenge ned landet. Så her sit eg parkert heime, ein lagnad eg deler med millionar av andre av min art, mens fuglane kan halde fram med å bevege seg fritt over heile kloden.
Trekket er i gang, og mange fuglar passerer over Oslo, det er berre å sjå opp. Tre dagar etter at flyet skulle ha tatt meg til Malaga, flyg ein enorm flokk med gjess rett over hustaket vårt. Ein todelt plog. Det må vere nesten to hundre fuglar. Er det kortnebbgås eller vanleg grågås? Det burde eg klart å svare på no, med eksamen i fuglekjennskap rett rundt svingen. Men same kvelden legg NOF ut ei oppdatering om at 17 000 kortnebbgjess har trekt over Austlandet denne dagen.
Desse store flokkane med gjess kjem snart til å fløyme innover åkrar og enger i Trøndelag, der dei vil lage eit herleg spetakkel og ete seg gode og mette før dei startar på siste etappe. For mellom 70 000 og 80 000 kortnebbgjess hekkar på Svalbard kvart år. Dei kjem frå Nederland, Belgia, Tyskland eller Danmark, og dei skal langt. Og vi får nyte synet av dei nokre få minutt mens dei flyg over hovuda våre og snadrar små beskjedar til kvarandre. Dei minner oss om at det er vår, og at verda er vidstrekt og stor. Men ikkje større enn at det går an å binde den saman, om ein har venger og superkrefter.”
Fra kapittel 15, Over land og hav
Fuglane lever tett på oss, men veit vi eigentleg så mykje om dei?
Vi har alltid drøymt om å vere fri som fuglen. Men fuglane er ikkje så frie som vi trur. Dei er sårbare, ikkje minst trekkfuglane som to gonger i året legg ut på lange og strabasiøse reiser over land og hav.
Brit Bildøen følgjer trekkfuglane gjennom eit år, og tar lesaren med på ei ferd frå forblåste fuglefjell og langstrakte myrlandskap her heime, til slettene i Andalucia og kystlandskapet utanfor Tanger.
[…]Om forfatteren
Brit Bildøen er forfattar og har utgitt fleire romanar, barnebøker og essays. Ho har vunne ei rekke prisar, blant anna P2-lytternes romanpris, og har også vore nominert til Brageprisen og International IMPAC Dublin Literary Award. Bøkene til Bildøen er omsette til fleire språk.