«Jørn Øyrehagen Sunde er ein historisk formidlar i særklasse. ... forfattaren [greier] å halde fast i dramaet rundt Kari, samstundes som han spenner det store, historiske lerretet opp bak henne, frå ei tid dei færraste av oss kjenner til. ... spennande som ein god kriminalroman»
«Viktig om brutal kvinneskjebne på 1700-talet … Med sin store oversikt om alt frå rettshistorie til kvardagsliv i denne tida og på denne staden, auser Sunde generøst ut kunnskap og forteljingar og formidlar ny innsikt. Lat oss like godt slå fast med det same: Denne boka er eit overflødigheitshorn!»
«et fabelaktig formidlet stykke kulturhistorie ... en sjeldent velskrevet kulturhistorisk beretning»
Forsvarstale for eit vondt menneske
Rett, samfunn og kvinner på 1700-talet
I denne gnistrande og urovekkande forteljinga tek Jørn Øyrehagen Sunde oss med inn i eit mørkt kapittel av norsk retts- og kvinnehistorie.
449kr
Beskrivelse
Ei nådelaus kvinne. Eit liv utan tilgiving.
Kari Knutsdotter drap fire av dei fem barna sine – og kona til elskaren sin. Ho laug. Ho bedrog. Ho dikta og manipulerte. I 1771 vart ho halshoggen, dømd som ein av Noregs mest omsynslause mordarar. Men kven var ho – eigentleg? Og kva var det som skapte eit menneske i stand til så grufulle handlingar?
I denne gnistrande og urovekkande forteljinga tek Jørn Øyrehagen Sunde oss med inn i eit mørkt kapittel av norsk retts- og kvinnehistorie. Med skarpt blikk og historisk innsikt teiknar han eit breitt bilete av makt og menneske, tru og overtru på 1600- og 1700-talet, og byrjinga på det moderne samfunnet. Samstundes skriv han fram eit forsvar for ein person som knapt fortener det – men som likevel tvingar oss til å stille spørsmålet: Kvar kjem det vonde frå?
Kari Knutsdotter er for lengst død og gløymd, men kanskje kan samfunnet ho levde i, og livet og vala hennar tene som ein spegel vi kan sjå oss sjølve i – og gjera oss merksame på kjeldene til vondskap i vår eiga.
| Forfattere | Jørn Øyrehagen Sunde |
|---|---|
| Forlag | Kagge Forlag AS, |
| Målgruppe | Voksen |
| Språk | nno |
| ISBN | 9788272019005 |
| Utgivelsesår | 2025 |
| I salg fra | 25. Sep 2025 |
| Bokformat | Innbundet |
| Antall sider | 346 |
| Litteraturtype | Faglitteratur |
| Vekt | 0.763 kg |
| Dimensjoner | 3.2 × 16.4 × 23.2 cm |







