Guten som sprang

Like før midnatt 23. april 1999 spring indiskadopterte Arve Beheim Karlsen for livet gjennom Sogndal sentrum. Han blir jaga av to jamaldrande gutar mot Sogndalselva. Dei ropar «drep denne negeren». Fleire vitner får med seg hendinga. Dei ser at Arve spring under ei bru med forfølgjarane etter seg. To av vennene til Arve vil hjelpe han. Dei spring også under brua og møter forfølgjarane på den andre sida av undergangen. Men «Arve er søkk borte», som den eine fortel i eit vitneavhøyr til politiet.

I nokre få sekund er Arve ute av syne.

Kva var det som skjedde desse få sekundane under brua i Sogndal?

Les hele beskrivelsen

Boka lanseres 14.04.2026

449kr

På restordreVenter på lager