Beskrivelse
Den unge Heine kjem til heimbygda for å gravleggje far sin. På barndomstraktene er tausheita den same, og gamle minne og traume er like påtrengjande.
Kven var eigentleg far hans? Og kva var det eigentleg som skjedde i båten ute på fjorden den dagen i barndommen?
Dagane i heimbygda går med til å førebu gravferda. Sonen ryddar i det gamle overfylte naustet til faren. Han snakkar med gamle venner og naboar, og hentar blomstrar hos blomsterhandlaren.
«Alle» veit at faren var alvorleg psykisk sjuk. Men korleis har det seg at bygda veit meir om faren, og om familien hans, enn Heine sjølv?
Skjelett etter skjelett ramlar ut av skapet. Og når systera Hanna forlovar seg med den utolelege Trym, er smertegrensa snart nådd.
Heimkomst er ein mørk og medrivande debutroman, skriven med psykologisk innsikt og stor litterær autoritet.
Den unge Heine kjem til heimbygda for å gravleggje far sin. På barndomstraktene er tausheita den same, og gamle minne og traume er like påtrengjande.Kven var eigentleg far hans? Og kva var det eigentleg som skjedde i båten ute på fjorden den dagen i barndommen?Dagane i heimbygda går med til å førebu gravferda. Sonen ryddar i det gamle overfylte naustet til faren. Han snakkar med gamle venner og naboar, og hentar blomstrar hos blomsterhandlaren.«Alle» veit at faren var alvorleg psykisk sjuk. Men korleis har det seg at bygda veit meir om faren, og om familien hans, enn Heine sjølv?Skjelett etter skjelett ramlar ut av skapet. Og når systera Hanna forlovar seg med den utolelege Trym, er smertegrensa snart nådd.Heimkomst er ein mørk og medrivande debutroman, skriven med psykologisk innsikt og stor litterær autoritet.